Ein strålande vinterdag når
Vossameisterskapen i isfiske
vart avvikla på Lønavatnet.
Kort skrive kan det ikkje verta finare, dvs 10 - 12 kuldegrader og vindstille
og som første bildet viser kom sola kort tid ( 10.04 ) etter at startskotet gjekk kl 10.00.
Tre bilder fra isen der ca 50 påmeldte deltakere kappast om å få mest fisk i meisterskapet
--
---
Guten so fiska i naboholet mitt fekk første fisken kort tid etter at startskotet gjekk --
eg trudde det var utstyret som gjorde det
men når dagen var over så vart det gode gamle utstyret til underteikna vinnaren :-) :-)
Ein glad fiskar so prøver å fortelja nokre gode å fine ord
til den som var komme opp fra det "varme" vatnet for å sjå på sola ---- :-)
Fangsten til underteikna, korleis dette gjekk på resultatlista ?
Svar på det får De på siste bildet
Premievinnarane i VossaMeisterskapen i isfiske 2019
Vossameisteren 2019 ( i midten )
saman med vinnarane i dei yngste klassane
Og so eit bildereferat fra Veteranklassen det det er mange godt innfiska konkurrenter.
Fra venstre gull - sølv og bronse plassering
og når eg noterer at alle er av samme årgangen og bronseguten til høgre har De sett bilder av fleire ganger her på sida
så skjønner De at dette er ein god årgang ---- :-)
Til jeger / fiskarlaget som var arrangør og alle fiskere:
Takk for ein fin dag !
|