Fin lita økt i
Vedskogen
i dag også.
Som skrive fleire ganger så veit eg ikkje kva effektivitet er for noko
og da passer det fint med korte økter så tidleg på vinteren.
Byrjar ved snømålestaven, som De ser er det 70 cm 617 m.o.h. no
( Var ein liten tur oppover lørdag ettermiddag for å kjøra opp noko av vegane mine og da var det 75 cm, dvs snø sig saman no )
Me er komme til dagens hogstplass og Frøya har fått skogteppet sitt
for å sitta roleg her når motorsaga går
( ho har lært det at ho skal sitta roleg når saga går ) .
Fint å sitta her å nyta nista å kaffi,
einaste lyden me høyrde i dag var ei motorsag i skogen på andre sida av dalen.
Så er det prøve på kor mykje 4-hjulingen klarer å dra i laussnøen på myrane,
er noko lause vegane minne enno.
Kort skrive så er dette lasset rikeleg stort -----.
Her skal eg byrja transportetappen med det store lasset ----.
Jau, gjekk egentleg svært bra --- heilt til bildet under.
Gjekk nok litt fort over kanten på bakken De ser bak her og når det var noko skråhelling i denne bakken
så vart resultatet svært enkelt --- stopp --- !
Vedlasset vart delt i to og med det kom det heim uten problem :-)
Vart ikkje fin solnedgang i dag på siste kaffipauseplassen pga litt skyer,
men 4-hjulingen er godkjent med god karakter med tanke på framkommelegheit på løst underlag med lass.
|