Vossestrand
i finaværet i dag.
Skulle sikkert funne på noko anna når været var so fint
men var fristande å få på belter på min ny-innkjøpte traktor som har fått navnet Beltegeita.
( so takk for god hjelp so notera eg at det er ein 2013 mod med nye heilårsbelter
Byrja å rydda litt på gamle vegar i lia der oppe i dag med tanke på nytte av traktoren i skogen.
Nokre bilder av beltegeita.
Kom meg opp her også.
Frøya og beltegeita lika seg svært godt i skogen.
Kaffipause høyrer med i skogen og Frøya lukta tydeleg vis mykje godt her i dag --
-- såg ikkje kva det var men ut fra erfaring i forbindelse med jakt så antar eg kva det var --- :-)
Så lyt eg ta med at i nabogarden i dag var dei 12 Flat coated retriever kvalpane ute å lufta seg når eg kom opp,
4 veker gamle no og dei fleste har allerede fått nye eigere når oppdrett tida er gjennomført.
Slik eg forstod er nokre hannkvelper fortsatt ledig, ynskjer De selskap i fritida så kan eg vidareformidla kontakt.
|