To fridagar
og med det overnattingstur til
Hanseladalen
der beising av den vesle hytta var gjøremålet.
Byrjar med å skriva at me var heldige med været,
overskya på spaserturen til hytta og mykje skya første dagen, dvs fiint beisevær.
Var også ca ein halvtime med regndråpar første dag, var ikkje noko galt i det ----.
Synest det er svært kjekt at det er komme opp navneskilt langs buførevegane der ute.
Frøya fekk nyta det frie livet når det var vatn i nærleiken :-)
Ikkje ofte at me kan gå forbi Brattefonnæ 1 juni og vegen er så godt som snøfri
Tilbakeblikk mot stølen Veskre der bilen er parkert
Bildet fortel kvar me er no
Og her er kaffivatnet ---
ei oppkomme langs vegen som leverer friskt vatn heile tida,
kjeldevatn er gjerne eit ord som dei fleste forstår :-)
Er komme ut til hytta --- og Frøya fant seg fort til rette her ----.
Hytta ligg fint til
( dette bildet vart tatt dag to før heimreise )
Når beisearb dag 1 var over vart det kveldstur utover i fjellet.
Første steinen eg møter på er denne
der eg trur at alle som har vore litt bort i helst skjønnar kvifor navnet.
Var når dei i gamle dagar kjørte høy fra stølen på vinteren at dei la fra seg bakselen her
for å ta den på at på heimtur.
Så er eg komme til Brødpitlo.
Historien eg har fått fortalt var at
Jygrè ( lokalt navn på hulder ) stod på toppen av Veskrehorgi ( oppe til venstre i bildet )
og mista brødleiven sin ned i denne groa.
Jygre steig så ned for å pitla ( plukka skriv me no ) brødleiven sin opp att -----.
På veg utover til Tinden
---
Varden på Tinden.
Til høgre for varden ser De Vassfjøro over Ulvik
Utsikt ned til Kinsarvik i kveldsdisen
Utsikt mot bla. Skamdalshorgi,
Horndalsnuten bak litt til venstre
Utsikt mot bla. Herdabreida og Karaldenuten
So byrja det å verta kveldssol i Nord- Nord/vest, Veskrehorgi til høgre
Eit Heilo par hadde funne seg ein fin plass her ute,
Frøya å eg gjekk fint forbi uten å uroa --- brukte berre god zoom på linsa :-)
Så fekk eg solnedgangen og fotoapparatet gjekk nesten varmt no ----.
Tar med nokre av solnedgang bildene som vart tatt
---
---
---
Vel nedkommen til vatnet fant Frøya ut at no måtte det verta skikkeleg symjetur i det speilblanke før me la oss,
kl var passert 22.30 her ---.
Ikkje vanskeleg å sitta i glaset og nyta denne utsikta ein fin sommarkveld ----
---- var heller ikkje vanskeleg å eta frokosten ute her og nyta frokostkaffien :-)
Hyttebøkene er kjekk lesning,
har ikkje lest alt som vart notert ned i ungdomstida
men dette innlegget fortel mykje om korleis me hadde det i 15 - 16 års alderen :-)
Jau da, veit at finskrifta mi ikkje var noko å skryta av ( sjølv om eg hadde ekstratimar i finskriving på barneskulen )
men når eg klarer omtrent å lesa det no så er det godkjent ---- :-) :-)
Avsluttar med bilde av ein liten ilsint krabat ---
etter harde diskusjoner med Frøya fekk han leva vidare ---- :-)
|