Da er årets første tur med Sniglehuset
( navn på bubilen )
vel gjennomført.
Kort skrive ei fin helg på Vikafjellet der me pga andre gjøremål måtte tidleg ned at i dag.
Fredag sein ettermiddag og Sniglehuset er parkert på vår faste plass.
Diverre noko høge brøytekanter så eg måtte opp på kanten for å få den fine utsikta me pleier å ha når me er her,
vert betre neste gang :-)
Lyst å fint når eg er ut å lufte Frøya før sengetid
Lørdag morgon og me er på plass i sola.
Bitte litt vindtrekk så for å få det skikkeleg varmt vart leskjermen sett opp.
Frøya og eg ut på skitur, fint føre og vart heilt vindstille når det kom litt skyer framfor sola
---
Utsikt retning Dueskardet
Når me kom inn så me nærma oss Buførevatnet gjekk me ut av løypa og trekte oppover mot vest
Utsikt mot Fossfjellet, Buførevatnet nede i skyggen omtrent midt i bildet
Ikkje mykje trafikk her
Utsikt over Kringlevatnet
Appelsin og kaffipause her medan me ser på at skyene trekkjer seg vekk og sola kjem tilbake.
Skal vera ærleg å skriva at det var litt vindtrekk her, vart vindstille at rimeleg fort.
Plan er no ned til dei første to steinane De ser på bildet
og så bort på første haug bortom steinane som sola skin på ( over hytta de ser til høgre ),
ser jo ut til å vera ein go plan det --- :-)
Måtte verta bilde her også slik at De kan få lè litt ---
litt feilberegning av kor blaut snøen var midt i denne bakken ----.
Så kjem det tre bilder som fortel at eg er ikkje lokalkjent i området her.
Skjønna godt at eg ikkje kom ned skrenten De ser her
( våga ikkje å gå heilt ut oppå der for å sjå ned men skjønna det var litt bratt )
Her kom eg ned -----
---- dilemma var at det vart noko motbakke oppatt for å komma opp i høgda eg hadde tenkt
da eg sat å studerte området på eit bilde lenger oppe.
Fint å gå tilbake mot Sniglehuset mellom hyttene her.
Etter ei lang stund ute i sola ved Sniglehuset samt middag
vart det tur ut langs landevegen for at me ikkje skulle sovna etter middagen.
Fint å gå langs vegen og sjå på at kvelden kjem sigande i fjellet
Kåno vart helst lita her ,
kaller det eit godt vårteikn når brøytestikkene viser seg fram at ----.
Tidleg oppe i dag pga me skulle ned at å spela musikk saman med Voss Musikklag
og avslutter med bilde under kaffistunda i 8 tida i dag tidleg.
Var fin musikk borte i første haugen som har eit lite snøfritt parti som me ikkje ser på bildet.
Ein rypestegg spelte og sang for full hals heile halvtimen eg sat ute,
Frøya likte sangen til rypesteggen også :-)
|