Kurs på nytt tog i Drammen.
Er vel heimkomen etter ei kursveke i Drammen på det nye lokaltoget me skal få på Vossebanen.
Desse togsetta har fått navnet Flirt, type 75 er ein benevnelse me bruker.
Kort skrive vert dette ein fin arbeidsplass for oss
og våre kunder kjem til å få mange fine turer i desse togsetta.
PS: Har fått løyve å ta desse bildene for å presentera dei her på sida.
Me har hatt bustad nede i Drammen sentrum og byrja dagen ( kl 07.30 presis avgang fra bustad )
med ein fin ca 20 min spasertur til skulen
på alt fra ubrøyta til islagte vegar ---- men som bildet under viser så var det no fint også da :-)
Og her står dei fine togsetta me skal få kurs på :-)
NSB sitt kompetansesenter på Sundland var læreplassen vår denne veka
Fire glade lokomotivførere fra vest er klar for mykje ny lærdom denne veka ---
--- og hovudlæremeisteren vår var flink -- klarte å få lærdommen inn gjennom øyrene våre på ein fin måte :-)
Jau --- me fekk visa fram teiknekunskapane våre på tavla også, noko som er svært lærerikt --- :-)
Var fleire turar i simulator også --- ein svært fin måte å læra nye ting på.
Studie av nye løysingar i togsettet --- slik som feks rullestolheis.
Etter skuletid.
Me veit vel gjerne ikkje korleis dagens skuleungdom driv denne tida
men me prioriterte ei god etter-middag-økt med oppgåvearbeid --- er kjekt å få repetere litt av dagens undervisning :-)
Me har lært mykje om dei nye og fine togsetta,
no er det berre att eksamen og øvelsekjøring før dette vert den nye arbeidsplassen vår.
Som eit PS så er dei to togsetta me har her i Vest no kun for øvelsekjøring.
Det første settet vårt kjem i følge opplysninger 29 juni 2017
og til me kjem i februar - mars 2019 har me fått 10 nye togsett til Vossebanen,
da er i teorien dagens velkjente togsett historie.
Måtte verta bilde av eine delen av velkomstkomiteen når eg kom heim etter ei veke borte fra huset --
-- velkomsten var aktiv ---- :-) :-)
|