Fint vær på fridag
og da vart det skitur til Hanselavatnet på Bordalen.
Bil til Rong denne dagen og fint oppover lia.
Hytta her står fint, ikkje så mykje snø på taket
Til dykk som er kjent her så ser de no kor mykje som viser at av grindastolpen
Ikkje løype lenger , snaufjellet bak i bildet er neste mål
Tilbakeblikk fra Trappafjellet, Furevatnet nede omtrent midt i bildet
Er komme opp på Rebbingane, ser fint ut -- den sure vinden viser ikkje på dette bildet.
Utsikt nordover Bordalen, Vossevangen i hola omtrent midt i bildet
Vinter
Er komme ned på Hanselavatnet
Hytta er her fortsatt --
--- og det var som mange ganger tidlegare ein fin plass å eta nista :-)
Som De ser så flytter snøen på seg oppe på Veskreshorgi
Etter nistepause samt eit par ekstra kaffipauser hadde hytta mista snøen på taket,
inngangsdøra var komme til syne og det er plass til meir snø framfor døra ----.
Heimtur og nokre fine bjørkekvister nyt februarsola
Snart siste kaffipause , Frøya og eg er einige om at det var ein fin dag :-)
|