Fylkesmeisterskap i isfiske på Lønavatnet
og når det er frilørdag så er det kjekt å få vera med på morroa :-)
Me er komme ut på isen og ventar på startskotet.
Isfiske er for alle
og her er nok dei gamle jettskia ( me som har levd nokon år veit kva det er for noko )
komme til nytte under bakhjula på barnevogna --- :-)
Ein av gutane i Veteranklassen er klar for eit fiskebitande meisterskap
Lagkonkurranse også i fylkesmeisterskap
og her er Voss jeger-og fiskarlag sitt lag nr 4 ---
ut fra trua så er me sjølvsagt dei beste ----- :-)
Me venta fortsatt på startskotet ---
må ta mykje bilder no for etter skotet vert det ikkje tid til det ----- :-)
Og so, kort tid etter startskotet, beit første fisken ----
--- og kort tid etter første fisk beit nr to ----
--- og etter ein god time fekk ein av lagkameratane første fisken ---
-- so sit me her da, fisken er snill og bit ikkje ----
-- eg har mine to fiskar, 3dje lagkameraten ventar i spenning på å få fisk nr 2 ----- :-)
Været var svært bra --- ser me bort fra nordavær ètta so me ikkje ser da,
og med nordavær so har me sjølvsagt forklaring på kvifor fisken ikkje beit ----.
Jau da, det byrja svært godt -- og etter 4 timar fiske var dette resultatet mitt.
Som De vil sjå lenger nede heldt dette til 8 plass i senior klassen :-)
Fylkesmeisteren i Hordaland i år kom fra Nord Hordaland
Pallplassane i lag konkurransen, lag nr 4 fra Voss fekk sølvmedalje :-)
Vel heimkomen og bilde av premiesamlinga --
-- no har eg bevis på sølvplass i lag konkurranse og 8 plass i seniorklassen ( til høgre ) --- :-)
Og når isboren først var funne fram vart det tur på eit anna vatn saman med svigerdatter for å sjå korleis isforholda var der,
kort skrive til dykk som kjenner att dette vatnet så er det mellom 50 og 60 cm is her.
|