Flåmsbanen og snø Vossestrand.
Byrjar på Flåmsbanen i regnvær for eit par dagar sidan,
dvs var snø på Myrdal når dette bildet vart tatt før siste turen ned at torsdag.
Dag to på Flåmsbanen og da rant det vatn over alt.
Som oftast renn vatnet omtrent loddrett nedover , her er bilde som viser at det ikkje stemmer alltid ---.
Er ikkje ofte eg ser Rjoandefossen så stor som dette.
Søndag og snøen laver ned.
Vart ein snartur på Strondæ og der var det komme så pass med snø at eg tok turen opp til snømålestaven
for å få eit godt grunnlag for fin skogsveg i vinter.
Som De ser så er det fin vinterstemning i lia sjølv om eg berre hadde tlf med meg å ta bilder med :-)
Ved snømålestaven.
Som omtrent vanleg så er nærbilde av snømengde limt inn nede til høgre i bildet
og da er konklusjonen at det no er 49 cm med snø ca 610 m.o.h.
Har rota litt i bildearkivet mitt og bilde av snømengda fra 4 desember 2014 er det nærmaste eg kan samanligna med.
Litt vanskeleg å sjå på det vesle bildet innlimt til venstre men da var det 27 cm med snø.
Og så kjem spørsmålet:
Når det er meir snø ca 6 dagar tidlegare i år i forhold til i fjor,
vert det da meir snø i år enn sist vinter ??
I så fall ---- da får me meir enn nok å måka på ----.
|