Frilørdag og Fint vær
og da vart det ein ny runde i vedskogen.
På første bildet er fire fine bjørker måka fram, jau får fram varmen i kroppen nokså fort her :-)
"I Kvisthaugen" var ei spalte i bladet Skogeigaren hugsa eg fra den tid eg var mykje yngre enn no og var dreng hjå onkel --
--- tenkte på den spalta når eg prøvde å ta meg fram her ---- :-)
Utsikt fra lønsj plassen min.
Ikkje vanskeleg å sitta i sola her sjølv om det var 12 kalde grader i skyggen nede på tunet
Er vorte fast fotoplass dette denne sesongen ----
--- men to gode lass vart med ut av skogen i dag.
Er sjølvsagt mange so meiner at det er ikkje så mykje og eg er einig i det,
men no har eg ikkje lært kva effektivitet er for noko --- er viktig å kosa seg med arbeidet :-)
Pluto var heime på tunet --- og far / datter er som vanleg svært gode venner :-)
Ikkje tidleg oppe i dag så da vart eg ikkje ferdig med dagens økt før sola tok kveld ----
--- men denne biten låg å venta på meg heime,
så da vart det ei fin avslutning på ein SVÆRT FIN lørdag ute i det fri :-)
|