Tur på ski
i staden for motorsagarb på Vossestrand i dag.
Litt seint ute pga planlagt føremiddagsarbeid -- men fekk no nyta litt sol :-)
Første bildet viser toppen av Såta som eg ser kvar dag eg er i lia,
er dagens mål dette.
På bildet under er eg komme opp på Svortebaret og er klar for turen vidare oppover botn
Jau, vert ofte pauser oppover i løssnøen
Tilbakeblikk
Spor etter fjellvilt --- trur det er lemen med truger som har gått her ----- :-)
Me klaga ikkje sjølv om guten med ski på beina sig ned ca 20 cm og Frøya har for korte føtter ----.
Diverre så er ikkje nymoderne dubeditter like gode når dei har vore brukt ei stund,
som De skjønner så har eine skifella losna fra skia her.----
--- og når reserve feller / blå Swix ikkje var med så vart spora slik oppover ---.
Men måtte nett opp til hytta som De ser bak i bildet for å eta nista :-)
To bilder av hytta
---
Utsikt fra dagens nisteplass --- vindstille og ellers fint så eg klaga ikkje :-)
Dette vart snupkt for dagens tur.
Kan trøste dykk med at eg rakk butikken på vangen før stengetid og nye feller er kjøpt
samt dei gamle har fått ny lim og vert med som reservefeller,
kan ikkje skulda på utstyret med det første no da ----- :-)
Avslutta med eit bilde fra nedoverturen.
Vart mange pausar nedover også slik at Frøya ( midt i bildet ) fekk stoppa opp og pusta litt ekstra :-)
|