Fri og tur i vedskogen
men først eit jubileumsbilde.
1 februar 1980 byrja me 10 nye aspiranter i lokomotivtjenesten i Bergen,
synest ikkje det er lenge sidan --- desse 38 åra har gått svært fort på ein fin arbeidsplass.
Bildet her er fra introduksjonturen vår ein liten månad etter at me byrja,
alle er ikkje med på bildet.
Første bildet fra skogen i dag er ved snømålestaven, 1.70 meter med snø no ca 610 m.o.h..
Vart oppkjøring av resten av skogsvegen min først i dag, litt veg eg ikkje har vedlikehaldt siste dagar.
Gjekk nesten heilt fint ---
når spaden skulle brukast kom nabokona på ski oppover for å inspisere kva eg driv med i lia ---- :-)
Spaden er eit godt redskap for å finne rota på bjørketrea også -----
skal vera ærleg her å skriva at det er lett å måka når det er litt brattlendt.
Siste lass i dag,
bilde og ein ekstra kaffipause no for å filosofere litt over dei 38 åra på jernbanen.
Og som De ser --- Frøya synest teppet ( som vert brukt når motorsaga går ) er fint å sitta på for å nyta utsikta :-)
|