Siste dag denne
Frihelga
vart ein opplevelse.
Jau, vart ei økt i vedskogen i dag også og på første bildet var det siste kaffipausen i skogen i dag,
kaffien smaka godt sjølv om det er snø i lufta.
Så til den store opplevelsen i dag,
fekk eg auga på fleire eksemplar av skogens konge.
Lyt berre beklaga at eg ikkje hadde fotoapparat med i dag, kun mobiltlf og med det vart bildene som dei er.
Elgane var på betryggjande avstand og når eg ikkje stoppa motoren på beltehesten
så heldt dei seg heilt roleg.
Prøver å ikkje uroa dei i den djupe snøen, var 1.25 meter på målestaven på lørdag
Denne låg fint på kvileplassen sin
Nede på tunet måtte det verta bilde av far Pluto og datter Frøya som sat så fint --
--- jau, dei venta sikkert på noko ---- :-)
|