Søndagstur for å lufte Frøya.
Fekk transport til Heggjavad i dag for å gå heim at til middag.
Raugstadløypa ----
--- er svært fin no.
Veit ikkje kor høg denne vegvisaren til Dolve er på sommaren , men er i alle fall nok snø til å gå på ski -- :-)
Stølen Kiseldur
Endeleg vart det Gjendekjeks til kaffien -- er diverre ei stund sidan sist eg har fått desse på tur no.
Utsikt mot vest, Mykkeltveitveten langt bak omtrent midt i bildet
Utsikt mot Bordalen / Bordalsfjella ( med bla. Håsethorgi, Grønahorgi, Veskrehorgi og Herdabreida )
Fin løype i Hamgurområdet no
Utsikt mot bla Røde Kors hytta og Hangurtoppen ( der Bavallheisen kjem opp ).
Og så vart det ikkje bilder før me var komme ned at i Bavallen
og årsaka er enkel:
Der bildet over vart tatt fekk Frøya sleppa band for at eg skulle få skri litt betre nedover i alpinløypene.
Det gjekk svært fint nedover blant alle alpinistane.
Frøya liker å helsa på alle ho treffer men har ikkje tid til det
når det er fart på skia ( føl meg svært godt da ) og da skjønner De at det vart ikkje tid til fotopause ----.
|