Lørdag og ein fin økt i
vedskogen
for å få skikkeleg matlyst til kvelden ---- :-)
Byrjar ved snømålestaven ca 610 m.o.h. , 1.25 meter med snø no.
Me er komme til hogsplassen ( Frøya trimma oppover ) ----
--- og desse to fine bjørkene er dei første som skal ned i dag.
Var svært lett å spa fram rota på desse, stod fint inntil ein litt stor stein
Var nokon som spørte no korleis det er med Frøya når eg bruke motorsaga.
Ikkje vanskeleg, ho har teppe med seg og sit fint der når eg tar med meg saga fra beltehesten.
( første året ho var med hadde eg band på og teppe ved beltehesten,
var nokre dagar i band så skjønna ho at det skulle vera slik og sidan har bandet vore heime )
Frøya nyt livet i skogen , spesielt når eg skal dra kubbane til vegen og sit omtrent fast i kvisthaugen ----.
Utsikt mot stølen Turtene med Høgafjellet til venstre.
Ser litt av Geitaberget heilt bak i bildet
Utsikt mot bla. Oppheimsvatnet og E-16 i Vinjadalen
Dette lasset var skikkeleg vekt på men gjekk svært bra sjølv om det var løst og dårleg føre for beltehesten
Kvifor eg skreiv om matlysta øverst på sida her ?
Såg fram til denne og godt tilbehør som lørdagsmiddag ----- :-)
|