Første dag i vedskogen 2018.
Etter vegarbeid i sist veke vart motorsaga med i dag.
21 cm med løs / tørr nysnø i vegen min
men med godt underlag var det ikkje vanskeleg å komma oppover i dag.
Første bilde er ved snømålestaven ca 610 m.o.h. som viste 1.20 meter med snø.
Er komme opp på hogstplassen, som De ser er utsikta fin :-)
Ikkje vanskeleg å nyta niste og kaffi her
Utsikt mot øst
Årets første vedlass, ikkje så stort men nesten rikeleg stort enkelte plassar der det ikkje er unnabakke ---.
Spadde opp litt ny veg for å komma opp til nokon fine bjørker litt lenger oppe i morgo.
Og så fekk me besøk --- noko som både Frøya og eg synest er kjekt der oppe :-)
|