Tur på Strondæ
for å nyta nokre føremiddagstimar i snøen før jobb.
Fint vær og ca 10 - 12 kalde grader ( i går 1 des ) der oppe,
Frøya er klar for noko trimm i snøen :-)
Kaller det vedlikehald når snøen bør måkast av taket på ein hjortepost,
kan vera kjekt å finna denne heil og fin neste år også ---.
Etter takmåking vart det tur i lia ---
--- for å lesa av snømålestaven.
Er første gang ( som eg kan hugsa ) at det har vore så mykje snø 1 desember etter at eg sette opp snømålestaven.
75 cm ca 610 m.o.h
Avsluttar med to bilder av Frøya som fekk ta seg godt ut i dag :-)
----
|