Ei fin helg i
Eidfjord
er vel gjennomført.
Kort skrive så var det samarbeid mellom kulturskulane og musikkorps Hardanger, Voss og Vaksdal
og andre plassar ved fjorden som gjorde at dette vart ei svært fin helg.
Me i Voss Musikklag var med og med frihelg så passa det fint for Kåno, Frøya og meg å nyta ei novemberhelg
i sniglehuset denne helga.
Før me kunne framføra konserten vår ( bildet under ) var det øving nokre timar fredag kveld, heile lørdag
og søndag føremiddag.
Byrjar med nokre bilder fra campingen i Eidfjord der me trivest svært godt.
Som De skjønnar på bildet under var det litt ymse med føret for Frøya og underteikna på lufteturane våre
Kort skrive til dei to neste bildene --- ved fjord og fjell.
---
Litt bilder søndag føremiddag før generalprøven.
--
--
--
--
Vår flinke direigent denne helga var Uldis Plepis
Og så bilder av to av gutane i Twang Gang som var like bak underteikna
----
Heine Totland er komen ---.
Kort skrive var dette ein stor opplevelse
for oss som var på scenen og for dei 4 - 600 som var i salen ( er fleire tall ute å går )
som vert godt lagra i minneboka til underteikna .
Lokalavisene Hordaland og Hardanger Folkeblad var der
og der kan De lesa mykje meir om konserten.
Ut fra det eg har høyrt kjem det muligens ut video fra konserten på nett,
når den evnt kjem så kjem det link til den her.
Avsluttar med eit matbilde,
dei i musikklaget som ikkje hadde sniglehus å bu i budde i leiligheit i Eidfjord
og der var det IKKJE vanskeleg å laga mat midt på dagen eller på kvelden :-)
|