Langhelg i Flåm.
Kort skrive vart det litt logistikkutfordringer i heimen denne helga.
Men ikkje alvorleg ---
korttidshukommelsen til undertteikna er ikkje alltid på rett plass ( ?? ) og eg hadde heilt gløymt
at Kåno skulle på mormorferie i nord denne helga ( vetleguten var 3 år på arbhelga mi ) når eg sa Ja til ei langhelg i Flåm
( hadde såkalla bakvakt helg ).
Men logistikken ordna seg den,
Frøya er ikkje vanskeleg å reise fra i Sniglehuset så da vart begge to med til Flåm
og no når langhelga er over så lyt eg nok skriva at åleinehelga var fin den :-)
Bilder vart det
og byrjar når Sniglehuset var parkert torsdag kveld i Flåm.
Go morgon fra Flåm ein fredagmorgon like før avgang for første toget som skal oppover dalen ---
-- og lørdag morgon litt tidlegare når begge toga er klar for turane i Flåmsdalen
og me er komme godt ned i kaffikoppp nr to -
var nok feridige med kaffikopp nr to og byrja på nr tre når bildet over var tatt --- :-)
To utsiktbilder over stasjonområdet i Flåm
og no skjønnar De at det er blanding av turbilder frå fleire dagar nedover her.
---
Fredag etter jobb og toget som Frøya og underteikna gjekk av på Berekvam fortsett oppover dalen ---
--- vart fleire bilder frå Berekvam ---
--- bla bilde av Ramnanosi, 1421 m.o.h
Haukugle er det fleire av i Flåmsdalen og denne fylgde med meg og Frøya eit heilt stykke nedover fra Berekvam,
jau --- på betryggande avstand ---.
For dykk som har god opplæring på digitalfoto så er bildet klypt mykje på zoom med ca 250 mm på mitt nye lommekamera,
vart nytt da eit lommekamera slit med elektronikken når det er tatt over 40 000 bilder med det i mykje vær av alle sortar ---.
Fordelen med å gå på tur i dalen her er at det er ikkje mange bilar å sjå pr min på denne årstida,
dvs Frøya fekk gå mykje laus og nyta livet :-)
Styvissete og Tunshelle
Ein av fossane som me ikkje ser fra Flåmsbana, i alle fall denne høsten som har vore rimeleg regnfull ---.
Jau, er motbakke også nedover Flåmsdalen her ved Høga.
Ved Høga og Flåmaelva renn stri ut av vanntunellen under jernbanen her.
Rjoandefossen med sitt frie fall på ca 140 meter
Gardane Flåm
Flåm kyrkje fra år 1670
Utsikt over Lunden
So er me på andre sida av elva ( ut fra kva som er jernbanesida ).
Utsikt mor Frettheimshaugen ( trur det er rett navn )
Utsikt mot Indreli og Ryo
Nærbilde mot Indreli ---
-- og nærbilde mot Ryo.
Bildet under fortel at hausten er komme i Flåmsdalen --- nokså einsam denne --.
Vart ikkje at me gjekk oppover brattlia her denne ettermiddagen.
Frøya fekk nyta livet litt på denne turen også --- jau , vatn er kjekt :-)
Så var me heldige å få sjå toget også --- :-)
Mykje av den gode helga bestod av og mat
og no kjem det nokre matbilder nedover.
Fredagskvelden var eg egoist og koste meg med småbiff av reinsdyrkalven fra i fjor -- :-)
Lørdag ettermiddag og kveldens jægergryte er under produksjon ---
--- jau fem kjekke kollega ( den femte kom etter ei personleg kvilestund ) hadde ei kjekk samling her --
-- og det var ikkje nokon som klaga offentleg på Martin`s spesial --- :-)
Lyt ta med eit bilde av Melhus også slik at jenta som er i varme strøk får sjå kor fint det er her oppe --- :-)
Så er konklusjonen at sykkelsesongen på Rallarvegen er vel overstått i år 2017.
Avsluttar med bilde av Flåmabanen på siste lufteturen for Frøya og meg her nede for denne gang,
Takk for no :-)
|