Litt ymse fra siste tida
både før og etter Flåmsøkta som var med helga.
Jau, har ikkje fritidsproblem men ledigang er rota til alt galt seier dei
så da skal det vel vera slik da ---.
Men byrjar med to viltkamerabilder.
Noko som var svært kjekt å få bilde av var denne rådyr bukken.
Er ikkje mange av dei her i bygda og
dei er sjølvsagt freda i kommunen vår.
Bildet her er litt klipt/justert for å få rådyret litt betre fram på bildet
Harepusen hoppar forbi kamera titt og ofte ---- :-)
Så har me vore i skogen med børsa ---
-- og fint er det i skogen :-)
Har også vore på ein av hjortepostane og bla sett på skodda som ligg og kviler nede mellom tretoppane
Fekk ein dag med svært fint vær langs Vossebanen også.
---
Har vore både på Myrdal ---
--- og på Evanger med lokaltoga våre
Og til slutt fekk utegrisene til junior komma inn i hus etter ein fin sommar i skogen ( fin sommar for dei i alle fall ) .
Har hatt rimeleg stort beite, vart brukt litt over 200 meter med netting-gjerde samt el-gjerde tråder på innsida av nettingen
og da forstår De sikkert at dei har hatt noko område å rota på ----.
Vert mykje godt i fryser osv her, dei er helst store ---.
Dei to grisene De ser til høgre er av ein anna rase,
er ullgriser som ut på vinteren mest truleg skal verta fleire ----- :-)
|