Litt ymse fra siste veka.
To veker ferie på denne tida av året går svært fort.
Vart plutseleg ferdig med sommarferien no,
jau eg hugsa sjølvsagt at me var på Kreta i Juni so totalen har vore svært bra den :-)
Som De gjerne hugsa fra sist veke so har det vore både fisketur og hjortejakt
og hjortejakta har det vore meir av denne veka.
Først denne veka vart det fire økter i hjorteskogen i tillegg til eit par kveldar på post ved heimebøen,
nokre bilder og som De ser på dei to første så får Frøya nyta livet i skogen , er ikkje alltid eg har band på ho ---.
Jau da --- har høyrt av folk som har sett dette bildet at her ville eg få ein god vaskejobb når eg kom heim.
Med rikeleg regn i lufta denne dagen samt mykje våte bregner og anna vått i skogen
så var Frøya heilt rein å fin i pelsen når me kom til bilen at :-)
Ferie vert ofte omtala so den tida me skal liggja i telt --- prøvde det også i hjorteskogen ei natt.
Dette gapahuk teltet fekk eg til jul fo to år sidan
og skal vera ærleg å skriva at eg var litt tvilande til dette i høgfjellet så derfor har det ikkje vorte prøvd før.
Kort skrive vart eg svært positivt overraska ,
det heldt regnet om natta ute og sjølv i ein del vind så stod det fint.
Plassen er sjølvsagt litt ymse med, men alt til sitt bruk :-)
Om me såg hjorten ??
Diverre nei --- ein fjellvåk og to ravnar var underhaldninga til meg å Frøya på kveld og morgon postering i teltet.
Søndag 10 sept og siste dag før jernbanebunaden skal brukast at.
Som De sikkert har sett så har me fått med oss alle stølsturane i heftet til Voss Utferdslag i sommar,
no var me i "godt driv" og er fortsatt mange plassar i bygda vår me ikkje har vore før.
Så med kaffi og lefser i sekken gjekk bilturen litt over Brandseth for å sjå korleis det ser ut i Brandsetedalen :-)
Me fylgde T- vegen som er skilta til Reimegrend
Tilbakeblikk mot bla Stalheim
Eit gammalt brufundament like før me kjem opp i Prinsabotn --
--- og her er dagens bru over elva nesten på samme plassen som gamle brua har vore.
Prinsabotn
Eit utsiktbilde retning øst fra Prinsabotn
Naturleg veghinder
Fint her oppe, utsikt innover mot Bjørndalen
Tilbakeblikk ned at mot bla Brandseth, Haugsvik og Stalheim
Er komme opp på Strandaleitet
Tilbakeblikk fra Strandaleitet
Her snudde me og da avsluttar eg bildeserien også.
Det byrja å gå ned at mot det eg kallar Raundalssida av fjellet,
Fjellsetevotni framfor oss no.
|