Litt ymse.
Stølsturar har det vore og for ei og veke sidan var me til Klondyke og
nokre bilder der me reiste opp fra Bavallen.
På første bildet er me snart framme ved varden.
Steinfyllinger etter skiferdrifta som var her oppe fra ca år 1900 og nokre tiår framover
Varden framme på Klondyke, fin utsikt over bygda her oppe.
-----
Hjortejakta er godt i gang
og underteikna var tradisjonen tru ute første natta
( har vore det når fritida tillet det sidan eg byrja med storviltjakta ) .
Første natta/ morgonen var stille og roleg og om kvelden var det fint å sitta på post i kveldsola.
Men det skjedde noko -------
--- og som bildet under viser så kom denne spissbukken ( 1.5 åring ) fram :-)
Så no er det berre resten at ----.
--
2 september sein ettermiddag
etter ymse første del av dagen
seier Kåno at det er ei stund me har vore på stølstur.
Kort skrive kjørte me i Bavallen for å få ein fin tur til stølen Kiseldur som ligg over Dyrvedalen.
Nokre bilder
og det gode med motbakker er at det er fint å stoppa for å nyta utsikta sånn av og til --- :-)
Me er snart komme til Røde Kors hytta, dvs ferdig med alle motbakkane opp fra Bavallen
Røde Kors hytta og Valbergstjørni i kveldssol
Jau, me fant postkassa ved Kiseldur også, dvs nytt klypp i stølsheftet vårt.
|