Fisketur.
Årets tradisjongutatur med fiskestang er vel gjennomført.
Diverre vart det ikkje telttur slik som planlagt da værmeldingane fortalde om ein del regn samt sterk vind i høgfjellet
og me erkjenner at me er komme så langt i livet at me må ikkje liggja i telt i all slags vær ca 1000 m.o.h ----.
Så det vart plan B der me brukte hytta til den eine av oss som base.
Litt bilder vart det
og byrjar dag 1 der me er på veg opp til fiskevatnet vårt.
Er komme til vatnet og heilr rett tippa --- er Torfinnsvatnet.
Så skal fisken lurast på land
og no er her mange teorier om korleis ----- :-)
Stikkord er: alle har sjølvsagt rette sluken -- og så er det sjølvsagt kva farge ( ?? ) det er på vatnet
og om den rette sluken passer til vannfargen ----
jau, ord i mange varianter gjer slike stunder til eit stooort latteropphald :-)
Gjekk ikkje lange stunda før underteikna fekk denne --- sjølvsagt på rette sluken -- :-)
Og for å visa størrelsen på fisk passa nisteflaska godt,
stod på etiketten på desse tidlegare at den passer godt på bla. fisketuren :-)
Fjellfiskar i sitt rette element, regn og noko sterk vind toler me godt når me veit at me skal ha det varmt å godt etter turen
Så vart det noko styr med den eine av fiskegutane,
hjelp fekk han men enden på denne historien var ein sluk mindre i skrinet -----.
Vel nede i hytta at --- vart berre fisken som underteikna fekk og den vart grilla som forrett til dette gode som er på grillen no.
Jau, kokken vår er SVÆRT flink .
Tre glade fiskegutar nyt livet ---
--- og denne hjortebiffen med tilbehør var FANTASTISK :-)
Ny dag og nye muligheiter etter at me er ferdige med noko motbakke ---.
Er komme oppatt til Torfinnsvatnet denne dagen også.
Så skjedde det mykje i vannkanten at --- er desse slukane som ikkje vil henge fast i taumen da ----
--- men ein glad gut ( som fekk sjekka badetemperaturen denne gangen ) fekk sluken opp att.
Konklusjonen vår vart etter to ganger med slukfeste inne ved land
at det er ofte betre å kaste sluken eit stykke utover i vatnet og så sveive fint inn att ------ :-)
Så vart det tur lenger oppover og eit utsiktbilde vart det tid til
Eit utsiktbilde til
Nytt vatn og nye muligheiter ---.
På tilbaketuren vart det bilde inn mot Kaldenuten og Svortegili
Tre glade fiskegutar nyt ein liten nistepause før brattbakkane ned at.
Om det vart fisk i dag ?
Guten i midten fekk to små fisker som vart sett ut at i vatnet uten bilde da me stod eit stykke fra kvarandre,
ellers var fisken svært snill og beit lite desse dagane
Avsluttar med eit bilde fra kvelden ved hytta der det var og middag andre kvelden også.
Takk for oss,
det har vore ein ny fin gutatur som vert lagra i historiebøkene våre.
Og er bærre eit lite år til neste fisketur no og da håpar me på at værgudane vil laga fint vær når me bestemmer oss for tur :-)
|