Ut på tur
er stikkordet her.
Kort skrive har me vore på fleire stølsturer sidan sist
og denne helga vart det tur med Sniglehuset på Vikafjellet for å få ein ny stølstur med oss.
Byrjar med to stølsturar tidlegare i månaden,
først to bilder fra turen til stølen Hedlo innerst på Dyrvedalen,
litt bratt oppover ---.
--- men fint når me kom opp på stølen Hedlo.
Tur til stølen Måkedalen der me kjører forbi Steine for å finna gangvegen.
Litt bratte parti på denne vegen også ----
--- men ein svært fin støl, selet ( stølshuset ) der oppe ser De nede omtrent midt i bildet.
I går, lørdag 19 aug, vart det tur med Sniglehuset ( bubilen ) på Vikafjellet
og her er me parkert på plassen me har vore fleire ganger før.
Litt regn i lufta men ein lørdagstur vart det for å lufte Frøya
Frøya har funne noko lomhund ( lemen ) på Vikafjellet i år --- ikkje godt å få ho med seg vidare da --- :-)
Men så kom skodda og utsikt vart det lite med ---.
Ein våt kaffipause uten utsikt på høgda vest for stølen Vetle Grungen --- me snudde her
Skal vera ærleg å skriva at når me er på tur utenfor allfaraveg / stier
så har eg med utstyr med tanke på væromslag sjølv på korte turar.
I tillegg til kompass har eg no ein fin dubeditt som heiter GPS og når sporloggen er på
er det ikkje vanskeleg å finna vegen tilbake dersom me byrja å tvila på terrenget som vert svært likt i skodda.
Me er komme tilbake til vegen og ser ned til Sniglehuset,
no slutta det å regna samt at skodda vart borte --- slik er fjellheimen ---.
Søndag og ny stølstur for å få klypp i heftet vårt,
denne gang fra Sniglehuset og innover Sendedalen.
Skya men ellers fint turvær i dag.
Er komme eit lite stykke fra vegen og bildet under viser tilbakeblikk mot bla Bjørndalskamben bak omtrent midt i bildet.
Fint å gå innover Sendedalen
Myrene viser tydleg med sine farger at no er hausten svært nærme
Ved Holmavatnet og ved steinen til høgre i bildet står postkassa til Voss Utferdslag
Eit bilde til ved Holmavatnet
Var mange innover i dag og i området ved postkassa var det mange fine plassar å nyta nista :-)
På tilbakevegen var det eit parti der me ikkje treffte folk og da fekk Frøya nyta livet uten å gå i band --
-- jau, vart bading da ---- :-)
Avsluttar med det som er turmaten vår på stølsturane dette året.
Sikkert mange av dykk som hugsar at eg er konservativ og held meg til Gjendekjeks ute på tur
men no er det vorte endringer ----- :-)
Jau , klaga ikkje :-)
|