Tur med Sniglehuset ( bubilen )
på Vikafjellet.
Tida går fra meg ( og datamaskina vert nedprioritert )
men kort skrive var eg grytidleg oppe for å få dagsverket mitt på jernbanen onsdag 19 juli
og når eg kom heim etter jobb ( som også var rimeleg tidleg ) så meinte eg at i staden for å laga middag heime
så kjøre me til fjells og laga middag --
og da vart det ein fin ettermiddag/kveld og ein fin dag til på Vikafjellet :-)
På første bildet er Sniglehuset parkert og Kåno har funne ein fin ferieposisjon :-)
Dagens middag på den vesle grillen me kjøpte til Sniglehuset tidlegare i sommar,
kort skrive svært lett og god grill .
Kveld og tur på Valanipa for om mulig få nyta solnedgangen.
Først mot sør-øst med Muravatnet, Vollafjellet og Blåfjell
Mot sør med Muravatnet, Blåfjell, Fyresnipa og bla Klantane som det kjem bilder av lenger nede.
Utsikt mot nord med bla det eg trur er gardane i Ovrisdalen og litt av Sognefjorden utenfor Vangsnes
Fotografen klaga ikkje no --- sola gjekk ned kl 22.42.
--- snur ned at til Sniglehuset no :-)
Frokost og kaffi er inntatt og finværet må nytast før natteøkt på jernbanen.
Dersom De har gode augerser De ein liten lys prikk litt til høgre for underteikna nede i vegen --- der står Sniglehuset.
To glade turkamerater --- og drikke er sjølvsagt viktig
Me tar av stølsvegen me har følgt og prøver oss opp i ukjent terreng
---
Reinsdyra har kosa seg på snøfennene her oppe
Fjellvåken nyt livet her oppe.
Kort skrive høgfjellsterreng
Så er me på det eg har blinka ut som dagens topp,
heilt rett, er på Klantane, dvs litt øst for toppen Klantane, og i følge ein app er denne toppen 1356 m.o.h.
Så er spørsmålet:
Kvifor så mykje oppreist stein her ?
Jau --- det eg trur er svaret kjem lenger nede :-)
Kåno ved varden her og utsikt vestover retning Fossfjellet
Utsikt mot nord
Nærbilde mot nord og bla Sognefjorden utenfor Vangsnes
Utsikt mot øst med bla Vollafjellet på venstre side og Blåfjellet på høgre side av skardet De ser omtrent midt i bildet.
Vatnet De ser litt av "nede i dalbotnen" er Muravatnet.
Avsluttar med utsikt ned til stølen Kvanndalen ( omtrent midt i bildet ).
Og da skjønner eg litt meir av steinane som står oppreist her oppe på toppen me er på.
Budeiene i Kvanndalen hadde sikkert eit mål om å setta opp ein ny stein kvar gang dei var her oppe :-)
Vatnet De ser er fortsatt Muravatnet med Vollafjellet bak
|