Frihelg
og med det ny tur med Sniglehuset ( bubilen ).
Var meldt fint vær så for å få nyta det reiste me opp på Vikafjellet fredag kveld ---
-- og dagens ut på tur for Frøya vart langs vegen der oppe.
Ny dag og etter nokre føremiddagstimar med skya vær vart det som værmeldinga fortalde fint vær.
Noko vindtrekk var det så me fekk testa vår nyinnkjøpte lèvegg, fungerte den.
Ut på tur for å lufte bikkja,
og kan nok røpa at dette mest truleg var sesongens siste skitur.
Ser me bort fra at det var noko seigt føre ( dårleg gli på vårsnøen ) så var det fint å gå på ski.
Utsikt mot bla Skjelingavatnet
Dette var einaste plassen langs løypa det var litt smalt område med snø
Fint her :-)
Var skispor der me skulle også
Ikkje langt att til toppen no
Tilbakeblikk
Dårleg skiføre siste stykket så skia vart parkert her like før varden på Skjelinganosi 1331 m.o.h
Frøya ville bada men det var ikkje djupt nok for eit godt bad her.
Nokre utsiktbilder fra Skjelinganosi,
først mot nord med litt av fjorden på venstre side av varden
Nærbilde mot fjorden.
Er ikkje heilt sikkert på kva del av fjorden me ser her
om det er heilt inne ved Indrefjorden / Framfjorden eller det er der Arnafjorden går ut av Sognefjorden.
Utsikt mot nord-øst der De ser litt av Jostedalsbreen langt bak til høgre for varden
Utsikt retning sør-vest
Vel nede ved Sniglehuset og nyinnkjøpt grill skulle prøvast.
Kort fortalt virka denne fint --- og når den er så liten som dette passar den fint i bubil :-)
Sola vart borte ved Sniglehuset litt over kl 20.30
så for å få litt meir kveldssol vart det ein liten spasertur.
Utsikta her er mot bla Bjørndalskamben som De ser bak i bildet litt til høgre for midten.
Ellers så er det ikkje ofte fotografen lagar så lange skygger ---- :-)
Sola på veg ned litt over kl 21.30
Siste luftetur for Frøya, kl var ca 23.30 og dette var det nærmaste me var midnattsol ---
--- men lyst å fint var det.
Til fjellheimen: Takk for oss !
|