Tur i elgskogen.
Var ein helst våt dag i skogen dette
men når elgjakta svært snart er over for i år så må me utnytta det me kan
i håp om å få noko av kvoten vår :-)
Prøvde å få nokre bilder
men med våte vottar på eit lite kamera var det ikkje lett å få skarpe bilder.
På første bilde er Frøya å eg byrja å få smaken på den våte dagen
og det kvite De ser er , ja heilt rett ---, snø ---.
Frøya og underteikna er komme til Maurtua, eit av dei lokale navna som ikkje kan missoppfattast i skogen vår,
er rimeleg stor denne tua --- :-)
Me ventar på at dei andre i laget skal vera på plass før me byrjar å gå
og her var det noko meir snø en andre enden av valdet vårt.
Stemningsbilde fra det eg vel å kalla regnskogen i dag :-)
Avsluttar med gruppebilde.
Kort fortalt så er humøret på topp i laget uansett kva status er ---
ufysleg vær og uten fangst i dag.
( me var fleire i dag, men dette var dei so skulle transporterast i siste bilen og fotoapparateigaren var litt treg i fotohukommelsen )
|