Isfisketur i høgfjellet.
Siste påskefridagen min med fin værmelding
og da vart det fjelltur der isbor og pilkestikker var med.
( var nokre skydotter av å te i fjellet men mykje skyer nede i bygda ha eg fått vita )
På første bildet ser De litt korleis været var det meste av dagen :-)
Svært fint skiføre innover
Er mange som meiner at det er lite snø over det meste i år.
Er gjerne litt minder enn normalt men denne bua er nesten nedsnøa i år også
Fin løype på vatnet
Er komme til fiskeplassen og klar for å bora.
Ca halvmeteren med snø først, så ca 30 cm med vatn ---
--- og så nesten jamn is nedover ( kun nokre små sørpelommer ).
Som De ser vart mykje av bor med forlenger borte før det var hol gjennom.
Alt er no klart for å få opp fjellfisken ----
--- men etter ca 2.5 timar vart dette bildet tatt med sjølvutløysar like før eg rigga ned at fiskeplassen.
Fisken var svært snill og beit ikkje desse timane ----.
Tilbaketuren går etter faste prosedyrer, dvs kaffi og kvikklunsjpause ved denne steinen
der Frøya får nyta utsikta --- og nasa arbeidde godt her ----.
Jau eit stykke lenger nede vart me ståande slik å sjå ----
--- og her med mykje zoom på fotoapparatet ser de kva nasa til Frøya fant ---- :-)
|