Fint vær og fridag
og med det ut på tur i dag også.
Turen i dag gjekk med bil til Ospehaugen ved Kvitno
så ski på beina til Rinden, opp bakkane der og oppunder Høgaberget
før nedtur til Jonsstølen og tilbake til bilen.
Og ein stor forskjell frå i går var at i dag var det rimeleg stille ang vind :-)
Litt bilder frå turen
og byrjar like etter parkeringsplassen i Ospehaugen, svært fint å gå innover her.
Stølen Furteset
Er komme til stølen Gudmundsset
Ved Rinden ( ser ut som det er navnet på kartet der vegkrysset til Remlo er ) vart det studie av kart.
I går kveld såg eg på kart heime og tanken var å gå innom Fyrjaskardet
men når eg studerte kart her no så fant eg ut at det sikket var like fint å gå opp her -- føret var fint :-)
Og da skjønne De at det eg byrjar på no er heilt ukjent landskap -- har aldri vore utenfor allfarveg her oppe tidlegare.
Utsikt mot stølen Remlo
Tilbakeblikk --- silkeføre dette :-)
Sola er fin den og her er det HEILT vindstille
og så var det kjekt å sjå at rypa hadde vore ned i småskogen før snaufjellet
Utsikt mot stølen Fyrjo.
Spørsmål til Dykk som er lokalkjent i området:
Er det Vetlanosi, Storanosi og Eggjane me ser lengst bak i bildet her ?
Nærbilde mot stølen Fyrjo
Så var det slutt på silkeføret, noko meir avblåst her oppe.
Turen min vidare gjekk no opp mot den vesle skavlen De ser litt til venstre for midten av bildet og så vidare opp mot venstre.
Sikkert heilt feil veg å gå men eg kom fram uten vanskelegheiter :-)
Her oppe ( til venstre på bildet over ) var føret som vist på bildet ----
--- eit førebilde til , no med Lønahorgi i bakgrunnen.
Er komme til varde på pkt 972 m.o.h
Fint og heilt vindstille ved skavlen her og med det fint å eta nista,
kort fortalt ein fin lunsjplass :-)
Når føret var som det var vart det ikkje tur opp på toppen av Høgaberget,
fant det eg meinte skulle vera ein fin plass å komma seg ned mot Jonsstølen
Utsikt mot bla. Horndalsnuten og Skipadalsnuten
Var heldig med vegvalget nedover, ikkje vanskeleg ned her :-)
Er komme ned til vegen ved Jonsstølen,
den gode "blå-Swix" var det ikkje mer av under skia så det måtte verta smørepause her
og da passa det godt med ein kaffipause også :-)
Jonsstølen
Avsluttar med bilde ved stølen Breiset.
Dette var ein fin tur i ukjent terreng, spørst om eg lyt utforska terrenget her mei ei anna gang :-)
|