Ut på tur
sidan yr hadde meldt fint vær på lagtidsvarsel for denne dagen.
Diverre så bomma yr og dei andre værmeldarane noko på føremiddagen,
litt skya, og kort fortalt skikkeleg kald motvind når Frøya og eg kom litt oppover fra parkeringa.
Bilen vart parkert på Rong ( Bordalen ) og på første bilde er me komme litt oppover i lia.
Som De ser så er skiløypa svært fin.
Litt over grinda på Tverrlii måtte mi gode strikkahua ( som har tova seg sjølv ) vika plass for godt vindtett hua,
motvinden vart kald no.
Ser ut som det er snø til brukande skiføre oppover Trappefjellet no, Veskrehorgi i bakgrunnen til høgre i bildet
Ved Furevatnet
Motvinden visar ikkje på dette bildet heller men løypa var fortsatt fin dei fleste plassar
Er komme til stølen Allmenningane
Her var spørsmålet om me skulle fortsetta utover eller ikkje.
Var lei den kalde motvinden så me fant oss ein lun plass oppe til venstre her for å nyta nista ---
--- og så brukte me fjellvettregelen om å snu i tide --- skal vera kjekt å vera ute også :-)
Er komme heimover slik at det berre var unnabakken at til bilen.
Fant ein vindstille plass og med det ein ekstra kaffipause for å nyta sola :-)
Jau, Gjendekjeks pakka MED sjokolade var med ---
men no er den tom så da vert det orginal Gjendekjeks seinare :-)
Avsluttar med utsikt mot bla Eggjane frå vår vindstille kaffiplass.
|