Fint vær i dag også og med det
tur på Strondæ.
Som De såg på bilder i går var det komme mykje nysnø i Myrkdalen,
me held til litt lenger sør og spenninga var om det var like mykje hjå oss.
Kort fortalt var eg optimist og hekta lunnedrag på beltehesten i "stallen"
men det gjekk ca 50 meter til første kneik oppover så ville ikkje beltehesten
ha slikt med seg i knappe 30 cm heilt løs puddersnø.
Så da vart det prøve på å kjøre tomt oppover for om mulig få kjøra oppatt vegen min.
Byrjar med bilde av sola --- vindstille og fint :-)
Er komme opp til snømålestaven ca 610 m.o.h og den viste 86 cm med snø i dag.
Jau gjekk rimeleg bra oppover.
Har lært ein del om korleis kald og tørr snø oppfører seg når lufta vert tatt ut av den
og når det i tillegg var fin sol i bakkane så var håpet at eg skulle få litt bjørk heim i dag også.
Medan eg venta på at vegen skulle "setta seg litt" vart det tur frampå for å nyta ein kaffikopp saman med utsikta.
Først mot Oppheimsvatnet ---
--- så utsikt mot Holbygdi ---
--- og utsikt mot stølen Turtene.
Frøya nyt livet i vinterskogen
Jau vegen vart som eg trudde og det vart lass med heim i dag også :-)
|