Nokolunde vær og med det tur
På Strondæ.
På veg oppover var eg heldig og fekk auga på ein av våre store rovfuglar, Kongeørna
og når eg såg ho sette seg lagt oppe i ei furu var eg heldig at eg fant ei lita utkjørsle på vegen også :-)
Ps. hadde ikkje anna enn tlf å ta bilde med
og den egna seg ikkje til å zooma mykje inn med når det var andre trær i området
men studere de bildet litt så ser De ørna.
Sol og fint ved Skromlebrua og kort fotostopp her også
Var komme knappe 2 cm nysnø på Strondæ siste døger
men ikkje vanskeleg å finna vedlunnen min som no skal angripast med motorsaga :-)
Jau, etter ei go økt inkl nokre kaffipausar i tillegg til nistepause vart eg ferdig med kappinga.
Noko ved er det her men skulle nok vore ein dag og to til i skogen for å få litt meir heim,
er lenge at av vinteren så det er fortsatt muligheiter til godt føre for å få nokre bjørker til heim fra lia.
Ikkje vanskeleg å ha Frøya med seg når eg driv med motorsag,
sèt / legg seg fint på motorsagteppet sitt ( var nokon som kalla dette teppe for noko heilt anna ei gang ---- :-) ) når saga går ----
--- og som belønning i dag vart eg med ho ein tur rundt på bakkane før heimreise :-)
|