VM i isfiske.
Jau, som De skjønna så står forkortelsen for Vossameisterskap :-)
Undertekna var heldig og hadde fri og da synest eg det passa fint å delta i dette VM
sjølv om det ikkje har vore så mykje trening i det siste ---
-- og ikkje vart eg tatt for doping heller sjølv om eg hadde smørt fingrane inn med Aloe Propolis Creme --- :-)
Litt bilder frå meisterskapet og byrjar når me skal ut på stålisen frå Løno.
Utsiktbilde mot nokon som er med i meisterskapet.
Som eit Ps så var markeringslina oppsett med tanke på morgodagen og ikkje for dagens meisterskap
Ein som har vore storfiskar lenge nærmast og ein VM meister fra 2010 bak --- tru kven som vinn av dei i dag ?
Tru om det vert nytt napp i vandrepokalen ?
Kan nok diverre røpa at det vart ikkje det ----.
Underteikna glad og fornøygd --- nærma meg medalje no --- :-)
To glade jenter på isen håpar sjølvsagt på gullmedalje ----
--- underteikna har ut fra bilder kåra denne jenta som årets minstefiskmeister ---
--- sjølv om guten som har vore storfiskar lenge meinte at katten kom til å lè av han når han kom heim at med denne ---- :-) :-)
Underteikna sin fangst som De får sjå resultatet av litt lenger nede.
Årets Vossameister :-)
Underteikna fekk ein fin bronseplass med 1260 gram fisk -- var berre 10 gram under sølvplass --- :-)
Premievinnarane under Vossameisterskapen i isfiske 2017
|