Frilørdag
der ski og beltehest fekk kvila.
Tur på bruket for å laga hol i veggen og setta ein kanal inn i holet --
-- jau no kan vatn som vert søla med i rommet innafor her komma ut uten store problem :-)
Etter det som gjerne vert kalla fornuftig arbeid vart det tur ut i februarskogen.
Er nok ikkje kvart år det er slik den 4 februar i skogen her men fint var det
og Frøya nyt livet i skogen :-)
Nokre skogsbilder nedover.
--
Om kvit mose er like fint som kvit snø i skogen på denne årstida skal eg ikkje ha så mykje meiningar om
men fint er det synest eg ---- :-)
Litt snø er det i skogen på plassar uten mykje trær
Og for dei som er lokalkjente eller hugsar at bilder fra høsten her på sida
så skjønna De no at me er komme til maurtuva --- :-)
Ikkje flatt men fint å gå :-)
Nedre Fenne 4 februar 2017
Er is på Opelandstjørni men kor sterk isen er prøvde eg ikkje ----.
Avsluttar med litt "matprat" --- :-)
På andre sosiale mediar vert det det ujamne mellomrom publisert matbilder og no fant eg ut at det må komma her også.
Er mykje godt som kjem heim fra skog og fjell om hausten
og denne lørdagen var det bankebiff av hjort som sein lørdagsmiddag.
Har fått mykje gode tips fra flinke matfolk om tilberedning av gode råvarer
og når eg klarer å få biffen lyserød inni ( innlimt bilde ) --- da er eg godt nøygd ---- :-)
|