Liten tur i
Vedskogen.
Da vart motorsaga endeleg med på trur i skogen,
ikkje så mykje i dag men første lasset er i alle fall komme ned på tunet.
Litt bilder og byjar ved snømålestaven som viste ca 65 cm med snø i dag ( ca. pga. det var tina fra staven noko no )
Spaden måtte brukast for å fylla i nokon holer langs beltehestvegen,
slik som her der skarvet var byrja å komma fram etter alt regnet som har vore i det siste
Er fleire som har spørt korleis det er med Frøya når eg driv med motorsag og trea dett ned.
Jau, første sesongen ho var med ( for 3 år sidan ) brukte eg band til å byrja med
og hadde ein bite golvteppe som ho kunne vera på.
Kun nokon dagar med band så lærte ho at når teppet er med så er det plassen ho skal vera når motorsaga går,
og teppet ligg på betryggande avstand fra trea som dett ned :-)
Så slutta det å snøa og skodda letta ---
--- og da var sesongens første lass klar for transport.
Måtte verte bilde her også --- var fin vinterstemning på myra her synest eg --.
Og når sola plutseleg kom fram måtte det verta ein ekstra kaffipause her ---
--- jau da, lyt nyta livet også :-)
|