Snøtur på Strondæ.
Så kom plutseleg vinteren for fullt på Strondæ,
måtte opp å sjå om det var framkommande for beltehesten og om mulig få kjøra oppatt skogsvegen min.
Kan opplysa om at eg var opp i regnværet på mandag ( 9 januar )
og da var det minder snø enn 5 januar.
Byrjar med litt vinterstemning langs vegen.
Frøya nyt livet i all nysnøen på tunet -- var nesten 57 cm snø på tunet i tidsrommet 12 - 12.30.
Fint oppe i lia.
Snøen var nett så fuktig at den pakka seg nesten under beltehesten, dvs rimeleg fint å kjøra.
Ved snømålestaven ca 610 m.o.h.
Mandag 9 januar var her 48 cm og no i dag når kl nærma seg 13 var det 96 cm ---.
Nok snø i vedskogen no --- Ps: står IKKJE fast her , kun fotostopp --- :-)
Ein etasje lenger oppe ( er litt etasjevis denne lia vår ) og da er konklusjonen:
Så lang og ikkje lenger i dag.
Her var det eit snølag under den siste nysnø som er komme siste døger med konsistens som fint sukker,
dvs ikkje feste i det som beltet skulle ta tak i her --- og her måtte eg spa meg laus før eg snudde ned at --- :-(
Jau, men eg har no veg so langt da :-)
hadde nista med meg som dagens lunsj og den måtte sjølvsagt nytast ute ----
--- og når Frøya ser at eg finn fram nista så sit ho svært fint og ventar på si eiga nistepakke --
-- må jo ha niste ho også :-)
Fant ut at det måtte vera noko meir snø her enn nede ved målestaven,
er ca 670 m.o.h. no og som De ser på innlimt bilde er her 1.10 meter.
Avsluttar på heimvegen.
Klokka er ca 15 og da stod dei første store bilane fast i Vinjadalen på E-16 og skulle leggja på kjetting.
No kl 22.30 har eg fått mld om at det er trafikk begge retninger så da er det mest truleg open veg at
--- enn så lenge ----.
For eg lyg ikkje mykje når eg skriv at det er rimeleg sikkert kvar gang det kjem nysnø
at dei store bilane vert ståande her --- :-(
|