Ettermiddag i hjorteskogen.
Nokre bilder frå turen i hjorteskogen denne lørdag ettermiddagen
og på første bildet er me komme eit lite stykke opp frå bilen.
Dilemma her er at me ( Frøya og eg ) er byrja å verta våte,
kort fortalt var det både vått og vindfullt første timen på turen vår
Tilbakeblikk mot Fennastølane.
Er berre vinden som ikkje viser på dette bildet,
ellers var det fint å smyge seg fram her i kanten på lauvskogen--- :-)
Utsiktpause i skogen og Frøya bruker nasa si svært godt :-)
Utsikt med Fennanuten heilt til venstre i bildet, Bulko og Skamdalshorgi omtrent midt i bildet
Utsikt mot industriområdet på Istadmyrane med Istad til høgre og Monsvatnet til venstre.
Nærmast er litt av Øvre Fenno til venstre og litt av Tveiti til høgre
Vel heimkommen og da var det tid for litt LørdagsGo-mat frå hjorten eg fekk med heim sist onsdag.
Er byrja å læra meg å steika biff no --- rundbiffen smakte svært godt den ---- :-)
|