Litt ymse denne fridagen men
Ein tur på Strondæ
for å sjå om snøforholda vart det.
Kort fortalt konstatere eg no at vintersesongen er komme der oppe :-)
Beltehesten fekk ut av stallen og tur opp i lia,
spaden var med for å fylle opp i enkelte groper for å få fint underlag for seinare i vinter.
Snømålestaven på ca 610 m.o.h. viste 39 cm med snø i dag
Fint å nyta kaffikoppen saman med desembersola her ved målestaven.
Bør ha nokon cm til med snø for laga veg vidare oppover så turen gjekk ikkje lenger i dag.
Avsluttar nede på tunet med bilde av to glade kamerater,
Pluto ( far til Frøya ) og Frøya
|