Slik går no dagane --- :-)
Tida går fort og diverre så har datamaskina vore litt nedprioritert.
Den siste veka har det vore innspurt på elgjakta her i bygda --- uten at me har sett noko meir til elgen ---.
men Frøya og eg saman med jaktlaget har hatt fine turar i skogen
og no er det berre knappe 10 mnd til neste gang ---- :-)
Siste tur forbi maurtua denne sesongen .
Har vore på Strondæ eit par turar også og Frøya nyt livet der oppe :-)
Traktoren der oppe skal få eit nytt liv i vinter,
i staden for å stå nedsnøa så skal den brukast litt og når den ikkje er i bruk så får han vera under tak --- :-)
I dag ( 17 nov ) til bla Myrdal
og fra ca Reimegrend og oppover var det vin vinterstemning.
Litt vanskeleg å sei nøyaktig men eg trur at frå Mjølfjell og opp så var det over 20 cm med nysnø som er komme siste døger.
Første bilde er tatt nedom Ljosanbotn --
--- og avsluttar med to bilder frå Upsete.
----
|