Tur på Strondæ
for å gjera litt forberedelser til vinteren som mest truleg kjem i år også.
Byrjar med Frøya som nyt livet i finværet,
er ikkje kvart år det er t-skjortevær etter at me har passert midten av oktober --- :-)
Dagens gjøremål var å leggja ned netting på markagarden samt litt beitegjerde
for å få litt lettare gjerdearb til våren.
Finværet må nytast ute
så det passa fint å nyta eit par timar i lia for å lufte bikkja --- :-)
Kaffipausar vart det mange av --- klaga ikkje på utsikta under denne kaffipausen :-)
Denne furua har nok opplevd mykje vær og toler heilt sikkert ein god vinter til
Er nokon år sidan det var høy i utløa som har stått på denne grunnmuren
Utsikt mot Vinje og Holbygda
Så er det Frøya og hjortebadebasseng ( brunstgroper ) da --- jau, er mykje gode lukter her --- :-)
Fant eit basseng til --- var ikkje ut i her heller for å rulla seg ---.
Ny kaffipause :-)
Fint her oppe.
Og så eit nytt hjortebasseng med mykje gode lukter ---- :-)
Jau, eg kunne sikkert vore hard i stemma og gitt beskjed om at IKKJE ut i der
men er det fri så er det fri og me har vatn i dusjen heima --- :-)
Klaga ikkje .
Er komme ned til snømålestaven som no er kontrollmålt og godkjent til ein ny sesong :-)
|