Liten tur i skogen
for å komma til viltkamera i ettermiddag.
Frøya fekk nyta livet i skogen ---
-- og vatnet måtte sjølvsagt prøvast også ( vart ein symjetur når bildet under var tatt ) :-)
På tilbaketuren til bilen var månen stått opp og speigla seg fint i vatnet.
Litt liv er det ved viltkamera også,
han mikkel rev er ikkje så nøyen på om det er dagslys eller natt når han er ute på tur ---
--- men harepusen er berre framme i mørket.
Ei hjortekolle har også vore på tur.
I dag tidleg ( nederst på bildet ser De både dato og klokkeslett ) kom denne staslege karen forbi ----
--- og litt over 4 minutter seinare kom denne --- :-)
Om denne vesle var på jakt etter den store ?
For oss i elglaget er det feil sort å jakte på i år --- men fin er guten over her :-)
|