Ut på søndagstur
før ettermiddag/kveldsøkta på jernbanen.
Bil via Stalheim til Brekkedalen og det første me møtte på var desse
som meinte at vegen er ein svært fin kvileplass sjølv om me hadde bompengelappen innom frontruta ---- :-)
Kort fortalt så er det kjekt å ferdast ute i naturen --- :-) 
Bilen er parkert ved Tverraldskaret og me går på det som underteikna trur er ein gammal historisk veg.
No etterlyser eg meir info her sjølv om eg ikkje er historikar,
er no kjekt å vita litt kva som har vore før i tida da :-)
Skriv den info eg har fått i håp om at det kan vere ledetråder..
For eit par-tre år sidan fekk eg fortalt at vegen til Uraskaret vart opparbeida av Stalheim hotell slik at turistane
skulle få ein fin fjellveg å gå på.
Under turen i dag fekk eg vita av fjellfolk me møtte
at dette var ein gammal klyvjaveg ( kløv-veg for hest ) som går til Målset og mest truleg ned til Vik.
Nokon av bildene nedover her viser tydeleg at dette er ein veg som det har vore arbeida med "i gamle dagar",
er det nokon som har meir info om denne vegen ?
og info skal komma tilbake her på sida.
Eit eksempel på opparbeida veg
Frøya vart lykkeleg i dag --- endeleg ny-snø å kosa seg i --- :-)
Me klaga ikkje.
Her ser De tydeleg den opparbeida vegen bak kåno sjølv om det var motsol ---
--- eit bilde til av den opparbeida vegen.
Tilbakeblikk --- er fint her oppe :-)
Snart på toppen av Uraskaret,
på bildet ser De Kåno og Frøya i ny-snø samt skuggen av fotografen i eit fiint terreng :-)
Utsikt nordover fra toppen i skaret.
Må berre leggja ut dette bildet.
Dagens turkamerater ---
-- dilemma med dette bildet er at Frøya har ikkje skjønna kva sjølvutløysar er på eit fotoapparat,
ho er vant til å sitta fint framfor fotografen ---- :-)
Avsluttar med dagens føremiddagskaffimat --
-- jau da --- litt ny-innkjøpt luksus fra ei "Brustadbu" i tillegg til dei gode Gjendekjeksa ---- :-)
|