Kveldstur i skogen.
I staden for å kvila middag i dag
( jau da, er vorte ein stygg uvane det når eg har vore alt for tidleg oppe )
vart det ein liten tur i hjorteskogen for å høyra om hjortebukkane er byrja å brøla.
Ps: børsa var ikkje med da eg er ferdig med jakta her
men kikkert samt ei nokolunde telelinse var med for om mulig få auga på hjortebukkane --- :-)
Nokre bilder
og byrjar med dei siste solstrålane eg fekk i augene på veg opp i skogen.
Bjørk i haustfargar med Lønahorgi som bakgrunn
I området her var det ein som laga mykje lyd i naturen denne kvelden
men såg han diverre ikkje ---.
Fint å vera ute ein slik kveld ---
-- men når månen hadde vist seg fram ei stund mellom buskene vart det heimtur for Frøya og meg --- :-)
|