På tur med fiskestang og fotoapparat.
Ein strålande septemberdag, skodda låg tjukk nede i bygda på morgonen.
Høg temp samt vindstille og med det noko disig i høgfjellet også,
sjølv om det var 15 sept så er det nok ein av dei finaste dagane i fjellet denne sommaren dette --- trur eg --- :-)
På første bildet er Frøya å eg komme på Brekkedalen og har utsikt inn til stølen Vikset der me skal starta spaserturen vår.
Fint innover her
---
Frøya nyt livet --- i alle fall når ho kjem før meg opp ein bakke --- :-)
Fleire sommargjesten i fjellheimen --- :-)
( dersom det er sauesankarar som lurar så var det 5 av denne sorten å sjå her på toppen i Viksetskaret )
Ved toppen av Viksetskaret ---
--- og her utsikt nordover i Viksetskaret
Utsikt mot Dueskardet.
Utsikt østover der eg skal ---
--- men like før dette bildet vart tatt så oppdaga eg ein stor reinsdyrflokk som ligg i skyggen omtrent i midtlinja i bildet -- :-)
Og da vart det maaange bilder og nokon av dei kjem nedover her.
Kort fortalt var det svært god underhaldning saman med kaffikoppen den halvtimen eg å Frøya fekk sjå på denne flokken :-)
Kor mange dyr det er i denne flokken ( dei fleste dyra er med på dette bildet ) ?
Er berre å byrja å telja --- men når De har passert 300 så kan de telja litt meir forsiktig --- :-)
---
---
---
-----
---
Og til slutt omtrent heile flokken før dei vandra stille og roleg mot ei snøfonn der me kom fra og dei la seg ned at der :-)
Turen går vidare til vatnet eg ville besøkja i dag
Fint og blankt vatn ----
--- som ligg fint til her i fjellheimen :-)
Om det vart fisk ?
Diverre ikkje i vatnet men fekk ein liten i elva nedom vatnet på tilbaketuren
og den var så fornuftig at den hoppa av sluken sjølv før eg fekk ta i den ---
så eg kjem oppatt om nokre år og prøver å få den betre på kroken da --- :-)
På tilbaketuren og siste kaffikoppen vart med denne utsikta.
Kvifor det ?
Jau, måtte sjå litt meir på den store reinsdyrflokken :-)
Ikkje så lett å få auga på desse med motsol og dis i lufta,
bildet er tatt med zoom som tilsvarar omtrent synet mitt.
Utsikt ned retning Vikset
Avsluttar med bilder over Nærøydalen på heimturen,
trur ikkje at dei har hatt så mykje sol gjennom skodda denne dagen nede i dalen ----.
|