Ettermiddagstur til Fennanuten.
Etter elgjakt i skogen i føremiddag måtte det verta tur slik at
Kåno og vofsen Lady ( me passer denne vovsen denne helga ) også kom seg ut i naturen :-)
Med bil til Fennastølane --
-- og me er komme godt i siget oppover bakkane :-) 
Så godt som topp punktet på Raudhovden --- her fekk eg Frøya og Lady til å sitta fint ved varden,
var ein stor stein med liten varde på like bort om oss.
Fennanuten ser De no til høgre i bildet like under ein skoddedott.
Me er ( i følge kartet ) på 894 m.o.h., Fennanuten er på 854 m.o.h.
Nytta på å ta bilde mot bygda medan det var nokolunde sol mellom regnbygene.
Bak nede til høgre ser De boligfeltet i Seimshagane over sentrum
og litt til venstre for midten av bildet ser De litt av skianlegget i Skutleåsen.
Dei grøne Bakkane De ser under skiannlegget er på Skutle
Er berre å konstatere at hausten er komme her oppe mellom 850 og 900 m.o.h
Utsikt til garden Bulko og Skamdalshorgi,
Grønlivatnet ser De litt av til høgre for midten av bildet
Me er snart komme bort på Fennanuten ( like bak den blaute myrpartiet ).
Fra Fennanuten med utsikt til Øvre Granvin
Ingen varde på Fennanuten, kun ein nedramla geografisk stolpe,
så da fekk Frøya og Lady vera varde denne dagen 854 m.o.h :-)
Utsikt ned til Flatlandsmoen camping og Monsvatnet
Utsikt ned til Håtveit
og litt av det nye industriområdet på Istadmyrane
Utsikt mot litt av Nedre Fenne og Istad
Dagens ettermiddagskaffimat var svært ( ?? ) variert --- i alle fall to forskjellige sortar ---- :-)
Me var heldige og fekk ikkje regn på oss --- men regnet var ikkje langt borte --- :-)
Avsluttar med dagens haustbilde --- er fint i fjellheimen på denne årstida -- :-)
|