Ut på tur for å lufte Frøya
før ruskeværet som var meldt skulle komma.
Turen gjekk oppover retning Lønahorgi og på første bildet er me komme omtrent ved toppen av Horgalett skitrekket
Ein flokk med villsauer i fjellheimen
Skodda låg tjukk på Vidvangane 
Utsikt ned mot bygda vår,
som De ser så heng skyene noko nede.
Nærbilde retning Bordalen ---
--- og nærbilde retning området ved Bjørgum, som De ser så hadde dei litt sol også der i dag :-)
Kyte og Lemme
Og så såg eg heim at :-)
Frøya og eg snudde her ved kvilehytta,
var ikkje morto i vinden her oppe og når skodda kom og reiste over oss så var det ikkje vanskeleg å snu --
--- skal vera moro på tur også :-)
|