Eit fin turpå ny plass for underteikna for å
leita etter reinsdyra.
Bil til Kvitlastølen denne dagen, ein plass eg aldri har vore før.
Kvitlastølen
og dersom eg ikkje les kartet feil så er det litt av Rekvestølen som er lengst bak.
Utsyn over Vestlandsnatur når var komme oppå.
Stølen nærmast her er Mokedalen, stølen Lauvdalen ligg nede i dalen før fossen De ser noko bak litt til høgre i bildet
Er komme opp på Dyregjelseggi
Utsikt mot Harkavatnet, fekk litt regn på oss her før ein skoddedott kom drivande og for forbi.
Sist eg var i dette området kom eg fram på det høgdedraget De ser bak skodda som kjem.
Ei einsleg rype var det eg såg av den sorten på turen
Nokre fjellbilder,
kort fortalt så skriv eg trygt at me har mykje fjell i kommunen vår :-)
---
----
Varden på toppen Reinsbjørgi
Eit fjellbilde til
Ei mor med sine fine små kom for å helsa på Frøya og meg :-)
Avsluttar på tilbaketuren med bilde mot Dalane der garden Skjeldal er litt til høgre for midten på bildet.
Er ikkje sikker men trur det er Hardingaskardet som er omtrent på midten heilt bak i bildet.
Det var ein fin tur sjølv om reinsdyra ikkje var å sjå.
|