I går var det ein ny dag
på reinsdyrjakt,
denne gang på Vikafjell reinen.
Litt bilder og byrjar med bilen som er parkert ved stølen Botnen på Brekkedalen.
Pga skodde på toppane så gjekk turen oppover på høgre sida her da det såg ut til å vera best sikt der.
Skodda letta over det meste og utsikta byrjar å verta fin,
her med utsikt ned at der bilen står.
Frøya nyt livet og har tid å sitta roleg litt når eg skal ta bilde ( bildet over denne gang ).
Fint å gå her.
Utsikt mot bla Viksetnipa i nord-øst
Utsikt mot nord-vest til bla Bjørndalskamben fra varde på siste topp ( uten navn ) før toppen av Solheimsfjellet. 
Litt skodde at --- ikkje det beste kikkert været når det er slik men det var kortvarig.
Utsikt mot Bjørndalskamben ( med skodde på toppen ) og Flisramstjørni ----
--- og utsikt retning Myrkdalen fra samme plass som bildet over er tatt.
Det som eg ikkje såg når dette bildet vart tatt men etter nokon ti-talls meter gange og det vart kikkertpause
var ein reinsdyrflokk litt til venstre for ca midten av bildet.
Tar De utgpkt i dei to snøfennene lengst til venstre i bildet og så litt mot høgre til ei nesten rund lita snøfonn,
så ei lita strekforma snøfonn under ein skarvknaus er De komme svært langt --
Litt "beint fram" til venstre for den strekforma snøfonna ser De ein mørk flekk,
det er ca 150 - 200 reinsdyr på avstand ---- :-)
Her er eg komme ganske nærme flokken ( har zooma det eg kan på fotoapp. )
og eg fekk litt av den store flokken med på bildet.
Var for langt fra til å skyte her, så det vart eit stykke forflytting i terrenget ----
--- før eg kom nærme nok og eg fekk kalven me har løyve på :-)
Frøya er noko ivrig når me kjem for nærme dyra så ho vert bunden fast til ein stein saman med ryggsekken min
medan eg driv med litt lav åling i terrenget --
-- men etterpå så får ho sjølvsagt vera med på resten av arbeidet :-)
Sekken er pakka og klar for transport.
Vart blanding av bæring og drag ( har alltid tau med meg ) for å få kalven med til bilen,
sjølv om eg er noko stiv å støl no dagen der på
så er nok det gløymt fort og eg har eit godt minne til historieboka etter ein fin jaktdag i fjellheimen :-)
|