Ein fiiin dag :-)
Litt variert dag dette
og byrjar med to bilder frå jernbaneturen til Haugastøl
med det me kallar sykkeltoget
( fra Brg kl 06.51, fra Voss kl 08.31 og så noko opphald på Myrdal der me har avg kl 10.05 ).
No er det siste veka at dette toget går kvar dag
men dette toget går lør og søndag fram til og med 18 september.
--
Etter jernbaneøkta vart det ny tur med stølsheftet til Voss Utferdslag
og i dag fekk me klypp på siste stølen i heftet vårt, dvs støl nr 15 av 15 --- :-)
Lindberg i Raundalen var dagens mål
og no ser me fram til nytt stølshefte neste sommar for dette er eit svært godt tiltak :-)
Nokon bilder fra denne turen der De skjønnar at det er noko motbakke opptil Lindberg også
men det var svært fint å gå..
--
--
Fin utsikt over gardane på bla Kolve, Bø, Li og Kvåle
Utsikt ned mot Urdland
Etter stølsturen vart det tur på Strondæ da suene til junior var komme heim,
men villsauer er ikkje vanskeleg å ha med å gjera sidan det er flokkdyr --
-- og milde er dei ---
--- så da var det ikkje lange stunda før dei var komme opp i lia til ein av dei faste mjøl/salte plassane at at --- :-)
Utsikt mot Oppheimsvatnet denne kveldsstunda
Jau, vart ein fin kveld og månen våkna til liv før eg kom heim at --- :-)
|