Ut på tur
med stølsheftet til Voss Utferdslag,
stølen Bjørndalen i ettermiddag.
Litt bilder frå denne turen der me fekk klypp nr 14 i dette stølsheftet
og på første bildet så er me klar for turen oppover i brattlendet.
Ang vegen opp her så sa eg til meg sjølv for nokre år sidan
da eg gjekk ned her med rikeleg tung ryggsekk med reinsdyrkjøt
at her skulle eg aldri gå meir --
-- men i dag gjekk det svært bra både opp og ned for Kåno, Frøya og meg --- :-)
Utsikt ned til stølane i Hola / Kvassdalen
Var eit lite omtrent flatt parti i vegen også ----
--- men det var ein del av denne typen veg ----.
Er komme opp det bratte --- no vart det svært fint å gå.
Utsikt mot Grungagjelet der stølen Vetle Grungen ligg litt bak i bildet
Da er me komme opp til stølen Bjørndalen, dei to stølshusa omtrent midt i bildet
Nokre av dei fastbuande sommargjester her oppe :-)
Me er komme til selet ( stølshuset ) der postkassa til Utferdslaget er.
Bilde tilbake mot det andre selet
Utsikt innover Bjørndalen med Bjørndalskamben i bakgrunnen
Nærbilde av Bjørndalskamben
Ettermiddagssola var svært fin i dag ----
-- og ettermiddagskaffien smakte svært godt i solsteiken --- :-)
|